Volleyball – serielag (D)

Utdrag fra årsmeldinga til volleyballen våren 2022:

Sesongen starta med eit brak for begge lag i august. Uttakstreningar stod for tur, og det var svært mange som var interessert i å prøve seg på serielaga. Med uttakstreningane unnagjort og litt trening innabords for begge lag, satte vi kursen mot Oslo og Studentleikane. Her hadde begge lag høge ambisjonar. For damene enda det dessverre med ein sur 4. plass, mens herrane gjekk på eit knipent tap i finalen.

I tillegg spelte begge lag 8-delsfinale i cupen. Damene møtte eliteserielaget Førde på heimebane. Dei kjempa tappert, men kampen endte med 3-0 siger til Førde. For herranes del tok dei imot 1.div laget Sotra på heimebane, men også denne kampen enda 3-0 til bortelaget. For begge lags del var det ein kjekk oppleving å få prøve seg mot antatt sterkare motstand, og det var flott å sjå at det var mange tilskodarar som tok turen og heia laga fram.

Sjølv om sesongen har vært prega av COVID-19, har begge lag fått trent tilnærma normalt gjennom sesongen. Per dags dato ligg damene på 2.plass i serien, mens herrane ligg på 6.plass. Begge lag har uspelte kampar som har blitt utsatt grunna COVID-19, så her er ingenting avgjort.

Ser vi på det sosiale trivast begge lag svært godt på trening og det har danna seg sterke sosiale bånd. Alt i alt er volleyball forsatt ein idrett som står sterkt i Sogndal og laga gledar seg til vidare arrangement og aktivitet.

Kunne du tenkt deg å være med på serielaget? Send oss ei melding på Facebook/Instagram!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: