Ny student / New student?

Velkomen skal du ve!

Welcome to us! – [English text below]

Me er so glad for at du er komt hit til Sogndal og håpar du får det fantastisk i bygda! Me anbefalar sterkt å melda seg inn i Spretten og dei andre studentorganisasjonane i bygda. Det gjev deg vennar, god helse og fantastiske opplevingar. Sogndal er kjent som ei bygd der folk gjer ting, og me håpar du vil ve med!

Her kjem litt info om Spretten for å gjera det enklare for deg:

Studentspretten er Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin studentorganisasjon for idrett i Sogndal. Studentspretten vert dreven av og for studenter, for å kunne tilby trening og mosjon gjennom ein rekkje aktivitetar. Her får du moglegheita til å koble av, trena og utfalde deg sportsleg i ein ellers hektisk studentkvardag 🙂

Me tilbyr moglegheitar for blant anna kanonball, turn, fotball, volleyball, futsal, innebandy, bogeskyting, sendebrettgolf, ultimate frisbee, badminton, bordtennis, spikeball, flaggfotball, squash, friidrett, tennis og meir!

Det kostar berre 400 kr å vere medlem, det er berre 40 kr i månaden!

Her på heimesida kan du melda deg inn, finne treningstidene og finne informasjon om serielaga. Spretten har eit titals idrettar, mykje bra utstyr og gode folk. Likar du ein idrett som me ikkje har? Ta kontakt då vel!

På Facebook kjem det info om arrangement og på Facebook-sida kan du trykkje på «grupper» for å finna alle undergruppene våre. Når det er trening er det der påmeldinga skjer. Der kjem også viktig info om hendingar og uttakstreningar.

På Instagram kjem det informasjon om kva som skjer frå dag til dag, når kontoret er ope og kva me gjer på. Kanskje dukkar det også opp noko morosamt?

Lurar du på noko er det berre å ta kontakt!

English:

It`s so cool that you are here! You have come to the right place finally!

To make the most of your stay, we have several student organizations you can join to try any type of activity: Studentspretten, Lurkarlaget, Trivselssentralen, Meieriet and Sjøspretten for example.

Studentspretten is the organization for you if you want to do some sport activities, train and have fun. We have more than 10 different sports and there is all kinds of stuff that you can do.

We also have a special price for international students, only 200 kr NOK, so about 20 euro, that will last the entire school year (autumn and spring). You can then join any activity you want 🙂

Here on our homepage you can become a member and see the training schedule.

On our Facebook site under «Groups» you will find a group for each sport, so you can join football, volleyball, dodgeball, gymnastics, anything you like. You just comment «Med» under the session post to tell the activity leader that you are joining.

On Instagram we will post what we do each day, when the office is open (so you can get your t-shirt) and fun stuff.

And whatever youre thinking about, you can send us a message and we`ll try to answer as best we can (just not any curriculum stuff please 😉

We hope you will have a fantastic stay!

Sprett pao!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: